Startboks komplett med loket lagt på sida

STARTBOKS VED OMLARVING:

På omlarving eller ved henting av avlsmateriale i andre bigardar kan ein laga seg ei lita kasse med plass til ei eller 2 ramer, og ha bier med i denne med høveleg lufting. Då CO2 er tyngre enn luft har eg luftinga i botnen (bitett netting) og på same tid held dei fukta betre om det er tett øvst. Lat ikkje kassa stå i sola. Biene har godt med for og dei får vatn via ein fuktig svamp i topploket.

Cellekoppane frå omlarving eller frå ei NC rame setjast i hol bora i topploket på kassa og dei må sikrast mot å detta ut. 10 – 12 cellekoppar er praktisk, men det bør kunne brukast opptil 20. Eg har 2 ramer med noko for og helst ogso pollen, og 3 tavler med bier. Iflg. Dr. Friedrich Ruttner vil dei fleste larvane døy dersom kassa vert transportert straks etter omlarving, og ein bør difor venta 2- 3 timar før kassa vert transportert.

Biene må ha vore dronninglause i nokre timar før cellene vert sett inn i kassa, og då går foringa kjapt og greitt, og dette kan høyrast på lyden frå biene då dei no er rolegare. Cellene kan flyttast frå startaren etter nokre timar eller dagen etter. Kassa fungerer som ”startar” og cellekoppane bør flyttast til cellebyggar eller skattekasse som omtalt ovanfor, og cellekoppane bør ikkje stå lenger enn 24 timar i kassa/startaren.

Det må nemnast at startboks ikkje er naudsynt og transport med startfora larvar kan gå bra om dei er plassert i ein plastpåse i brystlomma slik at dei held ein rimeleg temperatur og fukt, men då bør det ikkje gå for mange timar.

Kassa kan vera ei vanleg kubekasse, svermkasse eller ein kan laga ei passande kasse sjølv. Ein må uansett kasse og metode sikra at larvane ikkje turkar ut, og eit fuktig klede eller svamp og ei brusflaske reint vatn bør alltid vera for handa.

Kassa er vist med loket av og påsett. I loket er bora 14 hol til cellekoppar. Ein kopp står i hol nr. 3 frå venstre. Tauet er brukt som skulderstropp, men eit handtak er kanskje meir praktisk.

Ein må syta føre at biene ikkje kjem ut. Det går greitt om koppane står i og ein har nokre ekstra med seg til å larva i. Er ein litt kjapp når ein byter om koppane, går det greitt. Om ein vil ta seg bryet med det, kan ein laga ein ”slide” under koppane som gjev biene tilkomst til koppane når han vert dregen ut. Einkvar kan lett laga seg ei slik kasse, og dei tekniske løysingane kan vera fleire.